Vi benytter informasjonskapsler på denne nettsiden for å blant annet måle hvilke sider som blir besøkt og hvilke kanaler som fungerer best. 

Ved å besøke denne siden, godtar du bruk av informasjonskapsler.

Vi blir til Attvin - Eit nytt miljøselskap

Publisert den 01.09.2023 av Bingsa Gjenvinning AS

Fredag 1. september vedtok ei samstemd Generalforsamling eit nytt og felles namn for Bingsa Gjenvinning og ÅRIM. Attvin AS blir det nye namnet.

Bestilling frå eigarar
"Eg er glad for at vi no kan ta i bruk eit nytt og samlande namn for selskapet. Eigarane våre hadde som føresetnad for samanslåinga at vi skulle finne eit nytt namn, og at det skulle representere det nye selskapet dei laga i 2022", seier styreleiar Liv Stette. "Styret er glad for at namnet er forankra i selskapet gjennom tilsette sin medverknad, og vi håper at innbyggarane våre vil omfamne det som eit godt namn som minner oss på viktige aktiviteter som vi alle må delta i framover. «Attvin» skal fremje ombruk og materialgjenvinning, og for å klare dette må vi alle bli kjempegode på rett sortering av avfallet vårt», seier Stette.

Både Årim og Bingsa Gjenvinning er to velkjente namn i regionen. Det blei fort tydeleg for oss at ingen av desse var aktuell å «skrote» til fordel for det andre. Vi skal bygge eit nytt miljøselskap, og det nye namnet representerer endringene dette inneberer. Dette er endringar vi trur kundane vil sette pris på, fortel kommunikasjonssjef Caroline Mehl Nakken. Namnet Attvin spring ut i frå å "attvinne" eller gjenvinne, som er essensen av det selskapet gjer.

Gradvis utfasing av det gamle
Den nye profilen vil bli lansert i starten av 2024. Vi er opptatt av å leve som vi lærer. Difor vil det ikkje bli nokon storslagen lansering med samtidig profilbytte på alle flater. Vi har hatt fokus på å bruke opp det vi har, og halde tilbake profilering på ein del uprofilerte flater og bilar, med ønskje om å vente til ny profil var på plass, seier kommunikasjonssjef Caroline Mehl Nakken. No som vedtaket er fatta kan vi endeleg trykke på knappen for det vidare profilarbeidet, men innbyggarane må kanskje vente med å sjå den nye profilen til 2024.

Bransjen fornyer seg
"Ein viktig føresetnad for å lykkast med å nå utsorteringskrava satt av myndigheitene, er at vi som bransje og enkeltaktør fornyar og forbetrar oss", seier dagleg leiar Øystein Solevåg. "Samanslåinga er eitt steg på veien i dette arbeidet, og det nye namnet representerer fornyingsarbeidet vi jobbar med, som skal komme innbyggarane til gode gjennom betre tenester."

 

Attvin - Kommer i 2024